
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 24.03.2004 21:01
|
|
Det ulmar framleis i kulissane til den saggnomsuste Supporterklubben til Valestrand Hjellvik. No er det sjølvaste fotballforbundet NFF som har satt sinna i kok i den elles so idylliske bygda.
|
|
|
Dei får da mesta ikkje te å sviva
|
Etter at Noregs Fotball Forbund gjekk ut og annonserte ein konkurranse mellom supporterklubbane i landet, der dei skulle kåra dei beste supporterane i årets sesong, gjekk begeret fult for enkelte. Mange vil i utgangspunktet påstå at dette er eit flott tiltak og at supporterane til VHFK nok hadde gjort seg merka høgt oppe blant dei beste i klassen. Kanskje dei kunne oppnådd ein M+ eller kanskje ein M+/S- på ein god dag. Det spørs nett kven som skal setja desse karakterane skulle ein tru.
Men hovudproblemet som har satt sinna i kok er det eine kriteriet på lista for det ein set karakterar ut i frå. Det er punktet som omhandlar banning som av mange blir sett på som eit stort problem. Supporterane til VHFK har aldri fått høyra at banning har vore noko problem i songane deira før og trur heller ikkje at det blir det i næraste framtid. Ein annan ting er problemet med å omarbeida allereie godt innprenta låtar. ”Me gjer vel faen i Brann, me heia på Valestrand, Que sera sera” er eit slikt døme. Det hadde nok vorte noko merkeleg om ein hadde sunge ”Me har ikkje noko spesiell formeining om Brann, me heia på Valestrand”.
|
|
Ja so e dei vel da då
|
På ei annan side reknar ein ikkje med at det er den uskuldege banninga i den songen som er det største problemet. I nesten kvar bidige kamp førre sesong vart heilt andre og mykje verre ukvemsord ytra både på Furubakkjen og elles i fylket. I eit par kampar vart til og med orda J* S*olberg ytra ved opp til fleire høve og det er vel slikt styggasnakk fotballforbundet vil til livs. Annan bannskap som også har gått igjen, og som er ein orgie i ukvemsord, er songen der både Os*erøy IL, N*K, Ha*svik og F*tlandsvåg blir nemnt, nesten i same andedrag. Det er vel ingen som helst tvil i at båge små ungar og kanskje endå til enkelte vaksne kan ta skade av å få høyra dette alt for ofte. Det er endå godt denne omtala songen endar med; Men VHFK elskar me. Det reddar nok i alle fall nattesøvnen til enkelte sarte skjelar.
Ikkje alle er einige om at ein bør slutte å bruke desse forferdelege orda medan små barn høyrer på. – Detta dar e so tossje at da gidda eg ikkje diskutera ein gong, seier Lippo frå Myrane, Laffe. Viss ein bruka dei ordna åleina kan ein forstå at folke reagera, men da e no ikkje da me gjer. Da e vel nåken sløkke Østlendinga som set på eit kontor borti Oslo so ska trøkja denne toskaskapen ner øve håvena på oss.
Mange har stått fram og støtta Laffe i denne uttalinga. Det er riktig nok ikkje så bra at desse orda blir brukt i påhøyre av små barn, men det er liksom noko som er pedagogisk rett likevel. Songane gjer sterkt utrykk for at desse orda er fæle i teksten og at man på ein måte lærer borna at ein bruker dei med omhug. Ei mor kunne fortelja om at son hennar før ofte kunne komma med fraser som at han gjekk i klassen med eit rævhol frå L*nevågen. Det hjelpte ikkje at ho gjentekne gongar fortalte han at han ikkje fekk lov å sei L*nevåg der i huset. Men etter at Supporterane til Valestrand Hjellvik verkeleg begynte å stemma i frå tribuneplass vart det nesten slutt på bannskapen i heimen deira. – No sei han at han går i klassen med eit rævhol oppomifrå, og det lyt ein nesten godta.
|
|
"So slepp me reisa br*ne dei neste hundre år..."
|
No ventar ein i spaning på kva nye påfunn og tekstar ein får frå tribuneplass denne sesongen. Kjenner me karane rett so blir det vel nokre nye flotte songar om M/S Ole Bull og det vil nok gleda dei høge herrar i Noregs Fotballforbund.
|
|
 |



|