
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 15.03.2004 07:30
|
Enkelte ting tyder på at den saggnomsuste og berømte supporterklubben til Valestrand Hjellvik Fotball Klubb er i full oppløysing. Enkelte er i harnisk over tilstanden for tida.
|
|
|
Badnafakte eller genuin patriotisme?
|
Etter fleire sesongar der supporterane har vorte positivt omtala i landsdekkande media, aviser og 17. mai taler, har det den siste tida vore urovekkande stille. Frå å væra den største supporterskaren i Hordaland og med medlemar langt utanfor landets grenser er det fleire som no undrar seg over at det heile kanskje berre var eit blaff.
Enkelte anonyme kjelder me har vore i kontakt med seier at dei kunne sjå faretruande teikn allereie under fjorårets sesong. Sterke krefter i miljøet har skuffa stort og ser på jobb, karriere og familie som viktigare enn fotball. Det har nærmast vorte ei sykja. Enkelte har til og med teke den vanskelege avgjerda at dei har flytta frå Vakre Valestrand for ubestemt tid. Nokre av dei forsvarar det med å tittelsera seg som utanrikskorrespondent, soknekorrespondent og det som verre er. – Kobma seg heimat, sei dei.
At enkelte derimot flyttar heim til den vakre bygda ser ikkje ut til å roa oppunionen nemneverdig. Ein har riktignokk overvart ein treningskamp og blitt sett på puben iført VHFK skjerf, utan at det hjelper. Men når ein set heima i godstolen og gnura under både treningskampar og ordinære treningar med A-laget, er det noko fundamentalt galt ein stad. Vedkomande har også tatt på seg ansvaret for å trykka opp dei nye medlemskorta til klubben utan at ein har høyrt eit ord frå den kanten enno. Det er kanskje dette som er det mest graverande. Her prioriterer man tapetsering og maling framføre dei dyrebare korta halve bygda sit og ventar på. Frå fleire kjelder me har vore i kontakt med har me fått høyra at dei overnemne personane var å sjå på langt mindre kampar i fjor enn året i førevegen. Blir det verre enn dette kan ein vel forventa både fødslar og giftarmål midt i sesongen.
Men verre har det faktisk allereie vorte. Manageren til VatleBros har vore ute med ein pressemelding der han sei at den lenge venta plateinnspelinga er lagt på is inn til vidare. Dette fall ned som ei bombe i både supportermiljøet og elles i bygda. Noko av grunnen skal væra kritikk frå ein ikkje namngjeven person og eit særs stort press frå plateselskap og produsentar. Ein har også høyrt nyss om skrivekrampe hjå brørne der ein manglar ein song eller to for å få plata komplett. I tillegg har alle aktiva i bandet gått med til ferjeaksjar og mannabrus til Skårapuben. Bandet har lenge etterlyst personar som kan væra med i studio for å synga nokre kjende supporter traller i mellom dei andre songane, men her har også responsen latt venta på seg. –Dei får da vist ikkje te å sviva, har vore ein gjennomgangsmelodi hjå dei eldre i bygda den siste tida.
|
|
Leve minnet
|
Ein høyrer også ofte frå mange at dei saknar den gamle supporter bilen og at dei ofte spør kvar det har vorte av den flotte svarte og kvite Ladaen. Det er ikkje fritt for at det blir felt ei tåre eller to når dei blir fortalt at bilen har gått i pressa i Rådalen. Ny bil har tidlegare vorte annonsert, men med tanke på at nokon av dei største eldskjelene for dette prosjektet kastar bort tida si på utdanning kan ein begynna å lura litt. – Kobma seg i arbe, høyre ein då frå den eldre garde.
På årsfesten i fjor vart han som hadde vore på alle kampane, heime, borte og elles nokre privatkamper, tilsidesett med ikkje so mykje som ein positiv omtale. Mange reagerte sterkt på dette og lurte på kvifor han ikkje fekk den gjeve prisen som årets beste supporter. Dette vart då sett på som ei fallitterklæring og ein undrar seg no på om nokon vil klara bragda med å overværa alle kampane denne sesongen. Spesielt når ein tenker på at vedkomande drog med seg både flagg og telt når andre var heima og fekk varme pote hjå ho mor.
Nye supporter songar har også latt venta på seg, sjølv om det har byrja å tikka ein og annan inn på gjesteboka denne helga. Men han som skrik høgast og belja om både supporterkort og komponering av nye songar har allereie innrømt at han kun har høve til å overværa cirka halvparten av kampane i år. Igjen er det utdanning og jobb ein skuldar på. – Svært ska da væra om halla ræve heng ute, va da ein som sa.
Men ein kan ikkje berre svartmala. Ein kar som lenge har budd kreom har annonsert at han vil flytta heim att snarast mogeleg, og då spesielt for å overværa dei store kampane med A-laget i aksjon. Med seg på slepet har han ei tøysejenta og det er kanskje her fallgruva ligg. Etter ei helg på omvisning i bygda vart ho i villfaringa oppteken av at det ikkje var ein Cubus butikk i nærleiken. Men samstundes ser ein at ein fraksjon av supporterklubben som kalla seg Youngsters, eller Black&White Youngsters, veks til år for år. Spesielt gjorde dei seg merka i 17.mai toget i fjor då to av dei stilte som faneberarar. Han eine med både bunad og kniv. – Strame ungdoma, fekk ein høyra då.
|
|
Skikkele håttdokks
|
Eit anna lyspunkt bør væra då A-laget hadde stand med loddsal i sentrum førre helg. I tillegg til loddsalet var det råd å få kjøpa seg skikkeleg håttokks. Men det beste var vareutvalet frå VHFK butikken. Her fekk kundane lov til å prøva VHFK artiklar i alle variantar frå forskjellige treningsdrakter til genser, skjal og diverse supporter artiklar. Ein kunne varsla om godt sal og om enkelte som gjekk banana under teltduken og kjøpte for tusenvis av kroner. Me får håpa dei stiller fleire gongar utover våren i påvente av at nettbutikken er på plass.
|
|
Snart e da sol, sommar og nye sprell
|
Men kjenner ein Valestrandsungdomen rett so begynna da vel å livna te utpå vårparten. Snart er det påske og då skal skia på beina igjen. Seinare, når det byrjar å grønskast i Bullaåsen og knuppane spring ut, blir det nok liv i leiren igjen. Då blir det nok meir enn 17.maitog som går gjennom sentrum nattetid på veg mot Bullahuset. Då blir det nok fleire enn Willyen ein høyre syngande på heimveg utpå morgenkvisten i dress. Då blir det nok meir enn tang og rekved som ligg flolagde på Gamlabryggjo. Då blir det nok meir enn gjeld og straumregninga som helt nattesøvnen frå folk. Då hjelpe vel ikkje trugsmål om økseskaft gjennom hovudet lenger heller. Då er då det er vår på Vakre Valestrand.
– Dei må snart slutta med desse badnafaktna, sei dei då…….
|
|
 |



|