
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 20.02.2004 14:41
|
|
Ein durabeleg kamp føregår i kulissane hjå Osterøy Ferjeselskap desse dagar der både logo på ferjeselskapet og ferja, samt namn på ferja er oppe til debatt. Badnafakte.net har etter det me forstår kasta ein brannfakkel inn i debatten då ein tidlegare foreslo namn på ferja.
|
|
|
Søsterskipet M/S Fykan blir ikkje bråtte so fin
|
Styret held framleis korta tett innåt brystet og nektar å fortelja noko om kva dei har i tankane etter at forslag til namn på den nye flotte ferja har tikka inn. Me var tidleg ute med å foreslå Ole Bull, men både Ole, Bull, og Oln har etter det me forstår også vore diskutert. Me har tidlegare hevda at Oln passar seg best på folkemunne og lokalt, sia me tross alt kjende denne store internasjonale komponisten best med det namnet. Oln var ein av oss, sjølv om dette har gått folk hus forbi både sø i bydn og ein elle an plass i nærleiken av Lysefjorden, der Oln vistnokk hadde ei hytta. Det er derfor mange heller vil nytta seg av heile namnet hans og kalla ferja Ole Bull.
Ein har også merka seg at søsterferjene som går nordpå heiter M/S Gildeskål, M/S Fykan og M/S Ørnes. Me vil derfor tippa at den nya ferja vil få den fulle og heile tittelen M/S Ole Bull.
Men dette er på ingen måte avgjort og me ventar i spaning på det siste frette frå heimesida til ferjeselskapet www.osteroy-ferjeselskap.no.
På ferjestrekket Breistein-Valestrand har me stort sett vore van med ei svart og kvit ferja utan for mykje alt for mykje fartsstriper og pyntelister. Det er ein gjennomgangsmelodi i bygda at ein framleis vil ha det slik, og at ferja ikkje skal gjenspeila noko av den rånekulturen har sett dei siste åra på kaien. Det er framleis uvist korleis den nye ferja ser ut og om ho i det heile tatt har dei fargane me håpar på, men skal ho ha striper er det ikkje tvil i at dei bør vera svarte og kvite.
|
|
Detta e eit godt eksempel på korleis ein skikkele logo ser ut
|
Etter det me forstår blir det jobba iherdig med logo til det nye ferjeselskapet og her har me heller ikkje noko imot å blanda oss inn i debatten. Same kven som jobbar med utforminga av logoen og korleis den skal sjå ut meinar me at grønt og blått skal utgjera hovuddelen av fargane ved sidan av svart/kvit basis. For å vera heilt konkret meinar me at fargevalet bør vara heilt likt det storklubben Valestrand Hjellvik har i logoen sin. Det aller viktigaste er at dei heldt seg unna gult og elles kombinasjonar som minnar mest om Felleskjøpet.
Men når da gjeld gudmor til ferja skal me heller la vera å blanda oss inn. Her rekna me med at Ferjeselskapet allereie har ein soleklar kandidat klar, og at heile administrasjon frå det oppminnelige ferjeselskapet villig stille opp.
|
|
 |



|