
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 10.02.2004 20:43
|
|
Ja du høyrde rett, gratis ferja! Ein siviløkonom som Badnafakte.net nyleg har vore i kontakt med kunne koma med den oppsvivsvekkande nyheta. Du kan få køyra med ferja gratis i 10 år viss du spelar korta dine rett.
|
|
|
Her på huse ser dei i alle fal verdien i den fina ferjå
|
Det høyres kanskje litt drygt ut for mange, men etter Brynjar Børsson ved NHH sine berekningar å døma er ikkje dette noko utopi. Alt er mest opp til den enkelte poengterar han. Er ein f.eks pendlar og køyrer sø til bydn kvar bidige dag, vil dette sjølvsagt kosta. Men på lang sikt vil ein få desse pengane igjen. Reknestykket er enkelt og nokre av parametrane er som følgjer. Klippekort 12 månader i året i 10 år til à 1 000 kroner og kjøp av 30 aksjar i Osterøy Ferjeselskap AS. Etter 10 år med ferjedrift er gjelda nedbetalt og verdien på aksjane femdobla. Ein set då igjen med 150 000 kroner. Trekkjer ein då ifrå dei 30 000 ein investerte til å byrja med set ein igjen med akkurat det ein har brukt i utgifter på å køyra med ferja og går i 0.
Ein har ikkje tatt omsyn til prisstigning i reknestykket men også dette vil etter alt å døma gå opp i opp sidan verdien på ferja stig jamt med ein eventuell prisauke på overfarten. Men ein treng ikkje nødvendigvis kjøpa 30 aksjer. Kjøper ein for eksempel kun 10 blir rabatten 33% oppå den vanlege 40 prosent rabatten ein har på klippekort. Kjøper ein derimot fleire kan ein i attpåtil sitja igjen med ein fin liten gevinst i tillegg til å ha fått køyra ferje gratis i 10 år. For dei som ikkje reiser so ofte med ferja vil sjølvsagt gevinsten bli endå større.
Men Børsson legger til at gevinst og inntening ikkje kjem i nærleiken av det ein sparar ved å la ver å ta den lange turen om brua som ligg ein eller annan stad på stamvegen mot Voss. Det er her den verkelege gullgruva ligg. Om ein ikkje kjøper ei einaste aksje vil ein faktisk spara på å køyra med ferja til fullpris kontra å ta brua. Til og med om brua hadde vore gratis. Børson nemner også bustadprisar som vil halda fram med sin høge verdi ved at ferja framleis er i beste velgåande.
|
|
Verdien av ho e langt meir elle penga kan kjøpa
|
Mange me har vore i kontakt med seier at det er ikkje pengane oppi det heile som betyr noko. Det er først og fremst trivselen med å ta ferja dei vil trekkja fram. Ein ting er at ein tek seg raskare fram med ferja, men det er først og fremst trivsel og tryggleik som spelar størst rolla når ein spør folk om reisevanane. Tryggleiken er i alle fall i høgste grad eit viktig tema. Ein har faktisk rundt rekna 75% større sjanse for å komma fram uskadd og i live, viss ein nyttar ferjetilbodet slik det er i dag kontra brua. Dette var kanskje ein av grunnane til at Helselaget var så tidleg ute med å investere i aksjar og dermed god helse for reisande i bygda.
Og for dei som lurar på korleis det går med da nya ferjeselskapet so e da berre te å følja med på www.osteroy-ferjeselskap.no. Me sei ikkje meir enn at snart er fleire hundre sambygdingar, pluss ein del andre vetige folk er i ferd med å bli reiara i desse daga…..
|
|
 |



|