
|
|
|
( 05.02.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 27.01.2012 )
|
|
|
|
( 19.01.2012 )
|
|
|
|
( 16.01.2012 )
|
|
|
|
( 08.01.2012 )
|
|
|
|
( 01.01.2012 )
|
|
|
|
( 25.12.2011 )
|
|
|
|
( 23.12.2011 )
|

|
 |
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 03.02.2004 21:10
|
Reppen vs. VHFK! Nokon har hatt hovudet under armen når dei planlegg møteverksemd. No ser det ut som at Musikkgjetteleiken vil kollidera med eit ekstraordinært årsmøte i regi Valestrand Hjellvik Fotballklubb. Kor sak detta gå?
|
|
|
Denne skulen har forma noko av landets elite
|
Det blir nok eit særdeles viktig møte for den vidgjetne klubben, men datoen og klokkeslettet dette er lagt til kan ikkje væra mykje gjennomtenkt. No kan ein fort stilla seg diverse spørsmål. Kjem ikkje klubben til å stilla med lag i årets musikkgjetteleik? Har dei andre ressursar å setta inn? Er dette gjort bevist for å holda laget til Supporterklubben borte.
Mange har faktisk stilt seg akkurat dette siste spørsmålet. No skal VHFK kjøpa opp den heller slitte Gamleskulen på Valestrand, og freistar å låna opp til 2 millionar kroner til dette prosjektet. I Supporterklubben er det faktisk delte meiningar om prosjektet. På den eine sida seier nokon at det skal bli flott å få sjå skulen i sin flottaste prakt igjen. Men andre meiner att desse pengane fullt og heilt bør gå til å styrka spelarstallen. – Ikkje da at me treng noke forsterkninga andå, seier McArno The Kanel, men viss f.eks Rayner skulle bli skada vil kvar bidige krona koma med viss dei lyt kjøpa inn ein erstattar. Elles kunne da vore ein ide å kjøpa Rebeln fri frå kontrakten han har som helgearbeidar på Sandviken Sjukehus.
I bygda generelt vert oppkjøpet av Gamleskulen tatt imot med opne arma. At fasaden til det praktfulle bygget vil få ein ansiktsløfting er ein ting, men at det på sikt kan bli mogleg å få bu i skulen vil for mange bli ein heilt fantastisk tanke. For etter frette på bygda å døma er det nettopp det skulen skal brukast til når alt er tilrettelagt. A-lags spelarane vil nok få fyrsteretten til å flytta inn i desse lokala, men viss DU er ein av dei heldige kan du fort bli leietakar blant bygdas kjendis elite. Tenk berre på viss f.eks Ole Andre bankar på døra di ein kveld og spør om å få låna ein kopp sukker? Det er ikkje alle for unt å ha ein slik omgangskrets. Ein vil også tru at ein del saknar tida både i sløydsalen og på skulekjøkkenet. No kan ein plutseleg stå der igjen og koka gòa pote med kjempeutsikt til både sentrum og ferjeleiet.
Skulen har diverre vore vanstelt i mange år no. Spesielt grunna kommunen sin politikk med å prioritera alt som har med Valestrand å gjera i siste rekkje. Men frå gamalt av veit ein at skulen vart jamt øve vedlikeholt kvar bidige dag, og spesielt på slutten av 80 talet. Dette hadde nok både med at Texn var vaktmeister på denne tida og at Sleggjo og Martin Makk spela fotball i skulegarden utanfor. Det var ikkje få ballar som for gjennom vindauga i dei forskjellige etasjane på skulen. Ein ball skal visstnok ha slått ned eina Zalo flaska på skulekjøkkenet. Det spørs om Haldise enno har kome øve dei edle dråpane som rant ut denne sjebnessvangre dagen. Her var det rasjonering og kunn ei halv teskei i kvar oppvask. Ein Osterøyspelar, som ønskjer å halda seg anonym, spelte også fotball i skulegarden på denne tida. Men med tanke på skotfoten hans var det aldri nokon fare for nokon av vindauga av den grunn.
No kjem også sjansen dei fleste i bygda har venta på. Eit skikkeleg dugnadsprosjekt for å få skulen i sin flottaste prakt igjen. Slik entusiasme har vel ikkje skulen sett sidan den gongen taket brende ned og heile bygda samla seg for å få han oppatt på kortast mogeleg tid. Snart ser ein vel folk gå manngard i retning skulen på laurdagane, med både hammar og sag under armen.
Men å holda det ekstraordinære møtet på same dag som musikkgjetteleiken til Reppen, da va tossje.
|
|
Dette erverdige bygget treng òg ein omgang med malarkost
|
|
|
 |



|