
|
|
|
( 10.05.2012 )
|
|
|
|
( 05.05.2012 )
|
|
|
|
( 19.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 17.04.2012 )
|
|
|
|
( 15.04.2012 )
|
|
|
|
( 14.04.2012 )
|
|
|
|
( 12.04.2012 )
|
|
|
|
( 11.04.2012 )
|
|
|
|
( 08.04.2012 )
|

|
 |
Gjenopning av Gamleskulen
|
|
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Capo Pezzio
|
Publiseringsdato: 16.10.2003 12:55
|
Valestrand Grendaråd har planar om å ta over drifta av Gamle- og Eldsteskulen og syslar med planar om å gjera skulen open for almuenn.
|
|
|
Dei ærverdige skulane kan gjenoppstå
|
Etter at Gamleskulen og Eldsteskulen vart stengt har dei gamle ærverdige bygga stått meir eller mindre tomme, men no satsar Valestrand Grendaråd på å gjenopna skulane. Leiar i grendarådet Ivar Sandgren kan fortelja at dei har leikt seg litt med idèen ei stund, men at signala i det siste har vore so sterke at dei trur det vil opne seg eit stort marked om skulane vart opna igjen. -Da e ikkje snakk om å innføra ein ny skule som skal gå inn å erstatta den noverande grunnskulen, da e mest snakk om ein fritidsskule dar folk kan få oppleva den gode atmosfæren det er å gå på Valestrand Skule. I kjølvatnet tå dei siste stridighetane mellom Loftås og Burkeland om kem som skal få lov å gå på Valestrand skule og ikkje er det fleire, både frå resten av Osterøy og sø om fjorden som har ytra ynskje om å få lov å gå på denne æverdige skulen. -Ein ser at fleire og fleire ber på ein draum om å oppleva dei fine timane og frimunattane på Valestrand Skule, fortel Sandgren. I fyrste omgang er det mest tenkt å halda ope i forbindelse med feriar, men det er òg aktuelt å innføra kveldsskule. Det vil verta ein privatskule og prisen er endå ikkje bestemt. -Dette kjem litt an på kva lærarar me har tilgjengelige. Skal ein ha tak i dei beste lærarane lyt ein betala deretter. Det vert lagt til to klasserom i fysste etasje på gamleskulen, henholdsvis U15 og U16 dar det er tenkt at o-fag og kristendomsundervisning skal foregå samt at sløydsalen og skulekjøkkenet med heimstadlære vil verta som før. I tillegg er det meininga at Eldsteskulen skal brukast til song-timane, og litt tekstil på loftet.
|
|
Folk er villig til å betala dyrt for å verta tatt i skule av desse lærarane
|
For VHFK kan dette forslaget få ei meget positiv effekt. Spelara som skulle komma frå sø om fjorden vil få mulighetane til å verta integrert på ein mykje betre måte. Taket som supportarane har satt med maks 3 spelara frå hi sida som har vore i klubben i mindre enn 5 år, kan kanskje kuttast ned til 2 år dersom dei tar fag på kveldstid. Rayner Nygård, kaptein, stjernespelar og ein av dei få søomfjords-importane på VHFK kunne knapt tru sine egne øyrer og var heilt ifrå seg av begeistring då han fekk høyra om dei nye planane. -Jeg har alltid følt jeg har hatt eit lite handicap siden jeg ikke har gått på Valestrand skole, nå får jeg muligheten til å ta igjen mye av det tapte og jeg gleder meg enormt til å begynne på skolen i vinter. (Då lære du deg sikkert etterkvert at da heite skule og ikkje skole òg. Trur ikkje lærarane som er blinka ut vil tollerera bymål .. Red. adm). VHFK-trenar Ove Håland trur at det allerede til neste år vil gje seg utslag i målprotokollen til unge Nygård når han no får mulighetane til å spela fotball i friminuttane på Valestrand skule.
Sandgren fortel at det allerede no er komen inn mange søknader til skulen, endå datoen for skulestart endå ikkje er satt og det er mykje som kan tyda på at det vert små problemer med å fylla skulestovene, samtidig som han trekkjer på smilebåndet når me lurer på om da e ein idè med karakterkrav for å luka vekk søknada med postadresse 5282 og 5283.
|
No kan alle få gå på Valestrand skule
|
|
 |



|