
|
|
|
( 21.11.2008 )
|
|
|
|
( 11.11.2008 )
|
|
|
|
( 31.10.2008 )
|
|
|
|
( 28.10.2008 )
|
|
|
|
( 26.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 28.05.2008 )
|
|
|
|
( 17.04.2008 )
|

|
 |
Toppkategori
Kunngjeringar
|
So kjem da årlige maset etter pengar igjen. Da sikraste vårteiknet av dei alle. Fornying av medlemskap eller innmelding i den vidgjetne supporterklubben til Valestrand Hjellvik FK.
|
|
|
Alêz alêz - Tøysegutane!
|
Ja, alt kosta. Men utgifte for supporterklubben strekke seg stort sett til nye flagg og gevinstar på årsfesten. Faktisk har store dela av utgiftene til flagg og tifo i tillegg vorte sponsa av privatpersonar og investorar. I fjor gjekk f.eks tifo-ansvarleg, Feitegrisn, bananas og kjøpte so mange flagg at han til sist måtte betala for resten sjølv. Men han har etter kvart blitt ein god kunde både i England og Italia slik at kostnadane til farisearvesnet etter kvart har skrumpa inn. Kanskje det kan bli eit nytt stangflagg i år?
Det blir i alle fall spanande og sjå Voss sentrum og Stasjonen kledd i svarte og kvite flagg ein laurdag om ikkje so lenge mens songane gjalla mellom husveggane på Vangen. Du kan bidra med å gjera dette endå eit hakk betre.
Elles er det vanleg med flott premieutdeling i forbindelse med årsfest og då er supporterklubben alltid ute med sine faste prisar. I fjor fekk som kjent Joen tildelt gamle prisa for årets trenar som han ikkje hadde fått tid og henta i si tid som OIL trenar. Litt synd sidan det berre var ein liten skvett igjen i dei store flotte flaskene med mannabrus han blei tildelt. Det hadde tydeligvis dunsta vekk ein del mens dei stod lagra på hylla.
|
|
Strame kara som fortjena all støtte dei kan få
|
Det vil i år kanskje ikkje knyta seg så mykje spenning til kven som vil få inneverande års pris sidan prestasjonane til OIL allereie har overgått all forventning. Då dei vann Bergan Bygg Cupen var det nok av dei som måtte klypa seg i armen, men at dei i tillegg scora to mål mot VHFK kom det som eit sjokk på dei fleste. VHFK hadde riktig nok vore gjennom eit knallhardt kampprogram i førevegen men dette var heilt utruleg. Denne prestasjon åleine bør være nok til å vinna prisen om ikkje noko heilt spesielt vil skje, som at Joen får rett og VHFK klarar meir enn 66 poeng i årets sesong.
Men no er klubbkassen tom, so ka e da du venta på? Melda seg inn eller fornya medlemsskapet og da litt brennkvikt! (Siste del var helst retta mot sleke som KnivaKnutn som ofte er litt trege)
Kroner 100,- til kontonr. 97105303983
Kan vera lurt å merka med namn på alle du melder inn. (Også katta, honna, marsvin og andre svin) Og viss du har funne deg ein kar eller ei taus oppom feriste, so kan du lika godt melda han/ho inn, på same måte som med husdyra. (Utan samanlikning forøvrig)
|
|
 |



|