Badnafakte.net



Heimatt

Arkiv

Siste Nytt

Reisebrev

Kunngjeringar

Sport

Butikken


Hausten 2010
( 10.07.2010 )
HÃ¥lands Vuvuzela-vri!
( 28.06.2010 )
Dagens glade
( 17.06.2010 )
Badnafakte i Tigerstaden
( 17.06.2010 )
Sø hjå dei bydn
( 13.06.2010 )
Detta va kjekt!
( 07.06.2010 )
Ã…rets bortetur
( 27.05.2010 )
Maidagane 2010
( 27.05.2010 )
Joen på treningsleir med Osterøy I.L.
( 13.04.2010 )
Påskecrawl 10 år
( 05.04.2010 )


Avduking av kunstvek på ferjo

Sesongkort 2010

Litlasleggjå

Klart for Ã…rsfest!!

Referat seminar 2009

Medlemskap 2008

Billettsalget startar 5. mai

Hue og Dugna

Medlemskap 2007

Venners venner fest

Dugnad

VHFKSK 2006

Tufte I.L. blir blåbær

Ã…rsfest !!!

Beirut Limmo kr. 0,-

Tour de Alag

Journalistspira i magen?

Ut på tur igjen?

Busstur mot Odda!

Konsert - Engla i snø

Tradisjon tru....

Musikkgjetteleik '04

Lada - R.I.P!

Fest og Sesongavsluttning

Kronerulling Tribune

- Vandalar og 5. kolinistar på ferde?

Hua funne!!

Diverse

Foreslå ny link

0

Journalistspira i magen?


Toppkategori Kunngjeringar

Badnafakte.net har lenge vore nede i ein bølgjedal noko som redaksjonen på det sterkaste vil be om orsaking for. Men no har medarbeidarane lova å ta seg sjølv i nakken for at du skal få siste frett heim i stova eller på jobben. Men det stoppa ikkje med det……


Ein skigard kan du kliva om du vil..... berre te å skriva
For i no har sjefane i dette vidgjetne nettmagasinet fått det føre seg at nettopp DU kan få taka del i ei av Noregs friskaste nettside. Om du ikkje kjem heilt fram til redaktør døra skal du ikkje fortvila. Det er uansett veldig få forunnt. Men det skulle vel vera meir enn nok for mange å få namnet eller psevdonymet sitt på trykk på ei side som til stadigheit sprenger nye grenser på meiningsmålingane. Dette til tross for at det har blitt lenger og lenger mellom nyheitsoppdateringane.

Badnafakte.net var nyleg i kontakt med ein av sine nye lesarar, Firfirsle eller betre kjent som Vektløftarn. Han kunne fortelja at han fleire gonga hadde høyrt gjete om sida men aldri heilt før våga å ta steget inn i dataverda. Men no hadde han omsider sete seg framføre skjermen og umiddelbart fått ein openbaring rett i fjeset. Heile helga hadde gått med for å grava i gammalt nytt og lesa om alt frå turar og til tida då Oln kom til Vakre Valestrand. Ikkje berre hadde han ledd so tårene trilla og fått gang sperr i magemusklane (uvisst av kalla grunn), men han hadde kome seg på jobb måndagen etterpå friskare enn nokon måndagar på longa tie. Han var no heilag overtyda om at internett, og då badnafakte.net spesielt, var medisin for kropp og skjel.

Men for at sida skal bli endå betre vil me no be nettopp DEG om å delta. Det er ikkje so mykje som skal til. Underteikna kan røpa at sjeldan kom heim med meir enn ein svak M/G på stilane sine utan at det kanskje fortel so mykje. Det har då alltid vore særs høge krav på Valestrand Skule. Det viktigaste er sjølvsagt at ein gjer seg forstått. Om ein då vil skriva på Riksmål, Landsmål, eller Norsk. Ole Bull ville sjølvsagt likt at alle skriv på Norsk i og med at han i si tid proklamerte at ein burde kutta ut to målføre og at heile Noreg burde læra seg Valestrandsdialekta. Det kan ein no godt forstå men me har valt å gjere dette opp til den enkelte. Men so Oln sa, so e no Valstrandsdialekte og språkje da flottaste utn tvil.

Kva ein vil skriva om er sjølvsagt også opp til den enkelte. Uansett så skal det gjennom sensuren utan at det treng bety noko. Takhøgd har det aldri vore mangel på her i huset så lenge ein heldt seg unna tema som M*nchester Unit*ed og ArseAnal. Her tek me imot det meste med opne armar om det så er venlige lesarinnlegg, debatt, kronikk etc. eller berre eit enkelt reisebrev frå det store utland eller innland. Ja om det så berre er ein tur sø te bydn. Angstrute turar vil uansett ikkje koma i trykken før 2 veker etterpå. Det er sjølvsagt berre fantasien som set grenser. Har du til dømes lyst å fortelja om kvifor nettopp DU heia på KISS er du hjarteleg velkomen til å gjere nettopp det. Om du vil gje ein plateomtale om den nydelege samleplata til Stanley Jakobsen så er det berre til å kvessa pennen. Om Ansgarn i Brattalie her fenje seg ny Oselvar så syns me at det er på sin plass at du mailer oss og fortel litt om nettopp det.

Nyhende har me tidlegare vist at me klarar betre enn dei fleste. Spesielt i tida då Osterøy ferjeselskap vart stifta og aksjespekulantane var på sitt verste. Enkelte ville faktisk ha det til at påverkinga frå den 5. statsmakt var så stor at det var meir eller mindre badnafakte.net som bestemte namnet på den nye ferja og som fekk Kong Harald til å ta turen innom Valestrand den vakre sommardagen i 2004. Kanskje nettopp DU kan bli den neste til å påverke slike avgjersler i tida framover?

Set du framføre TV ein sein haustkveld medan regnet piskar på ruta og vantar på at Derrick skal ta til på NRK, så er det berre å ta fram maskina og knota ned nokre ord i staden. Del heller meiningane, opplevingane og kanskje da siste bygdafrette med oss andre…….

Når du har gjort dette er det berre å senda ein e-post til badnafak@online.no
Legg merke til at t og e manglar i e-post adressa…. Dette var utanfor vår makt å bestemma. Me set også uhyggeleg stor pris på om du slenger med eit bilete eller to som du synest passa med. Og for dei som er i tvil så er også Gjerstågapa hjarteleg velkomen te å skriva. Men veit at mange der oppe har mykje godt å koma med om kor sværande greie da har vore å ta turn nerom te dei Valestrand. Mange tå dei har til og med vorte buande.

So no er det berre å leggja til badnafak@online.no under kontaktar på e-posten din.





Glemt passord?

Registrer ny bruker
Rocking all over the world
( 30.10.2005 18:00 )

Sjå fleire bilete

Resultater

Avstemninger


Powered by eZ publish