Badnafakte.net



Heimatt

Arkiv

Siste Nytt

Reisebrev

Kunngjeringar

Sport

Butikken


Trening på Lonå
( 08.03.2010 )
Ny Dalegensar - MÃ¥ stebma
( 08.03.2010 )
Reisebrev frå nordsokne: eks-ferjebygd
( 04.03.2010 )
Sauanytt
( 04.03.2010 )
Bullakrigen
( 27.02.2010 )
Zebra
( 23.02.2010 )
Fat Tonys - Avsløring!?
( 23.02.2010 )
GAMLABRYGGJO OMTRENT FRI FOR SNØ
( 23.02.2010 )
Gøy, men òg veldig kjekt
( 21.02.2010 )
Seminar 2010
( 06.02.2010 )


Klart for Ã…rsfest!!

Referat seminar 2009

Medlemskap 2008

Billettsalget startar 5. mai

Hue og Dugna

Medlemskap 2007

Venners venner fest

Dugnad

VHFKSK 2006

Tufte I.L. blir blåbær

Ã…rsfest !!!

Beirut Limmo kr. 0,-

Tour de Alag

Journalistspira i magen?

Ut på tur igjen?

Busstur mot Odda!

Konsert - Engla i snø

Tradisjon tru....

Musikkgjetteleik '04

Lada - R.I.P!

Fest og Sesongavsluttning

Kronerulling Tribune

- Vandalar og 5. kolinistar på ferde?

Hua funne!!

Diverse

Foreslå ny link

0

Lada - R.I.P!


Toppkategori Siste Nytt

Ein onkel sa at det kom til å stå GAME OVER i dashbordet når kilometer teljaren nådde 50 000. Det skulle visa seg at denne spådomen vart slått med over 37%. Men no er det slutt for ein gammal travar.


Bilen er tapt, men laget lever i beste velgåande
Den berømte svarte og kvite Lada VAZ Samara 1500L kviler no på dei evige jaktmarka. Skal ein tru rykta, var det overflatebehandlinga den fekk i påska, som gjorde utslaget for at bilen kom til å klara ufattelege 68 500 km på Norske landevegar. Enkelte sjeler meinar bestemt at bilen framleis kunne gjort nytte for seg i lang tid frametter, men eigaren ville det vist annleis. Ein ting er i alle fall sikkert. Hadde det ikkje vore for flittige gutafingra frå Myre, so hadde bilen møtt sin skapar lenge før tida. Det var så vidt han klara å få bilen med seg heim frå Bydn før han første gong braut saman i Elvikasvingane. Men etter å ha tømt nokre lause delar ut av coilen, var han like heil igjen. Då viss ein ser bort frå dei defekte og fastrusta bremser, som vart skifta dei påfølgjande dagane.





Desse karane, med fleire, gjorde ein kjempejobb so lenge da vara
Men dette var bagatellar med tanke på kva som skulle skje denne flotte og varme påskeveka. Høgt akta krefter med både universitetsutdanning og fartstid på Kunst og Handeverkskulen i Bydn vart henta inn for å leggja siste hand på verket. Mange dagsverk vart lagt ned i måling og lakkering for å ikle bilen dei flottaste fargar, striper og påskrift ein kan tenka seg. Då eit kyraskinn vart lagt i baksetet og Capo Doni la siste hand på verket med dashbord polish, var det ikkje tvil om at både Kairaiders og andre kom til snu på hovudet av svartsjuka når denne skjønnheita for forbi. Flottare bil har ein ikkje sett i bygde sia ’Hjelp oss heim for f…’-Bussen herja rundt i bygdane og sø i bydn på slutten av 70’ talet. Viss nokon har bilete og historier om nettopp denne bussen, må de vera so vennlege å senda desse til redaksjonen.

Ein ting veit me i alle fall. Då VIF’en ein gong på den tie skulle spela kamp mot Osterøy der oppe som dei no har laga eit myrhol. Då vart det i alle fall fela holoi. Dei parkerte på nedsida av bana og plasserte dei medbragde fluktstolane på taket for å sjå kampen i fred derifrå. Mannabrus vart sendt opp gjennom ei luke i taket og dei slapp å betala ei krone for å koma seg inn på den gudsforlatte bana. Skal ein tru bygdafrette den gongen, var det so mange kassar med mannabrus i bussen at han tok ned på skjermen på bakhjula. Ungdomane var kanskje ikkje so mykje betre før i tie? Men når det gjeld framkomstmiddel så har nok VHFK Supporter Klubb mykje å læra enno. Det var i alle fall ikkje tvil i kven som var forbilda då underteikna vaks opp. Teikningar av bussen trur eg framleis ligg på loftet hjå ho mor.


Ja, da e dei.....
Når det gjeld Samaraen så har no også den fått sin elddåp på fotballarenaer rundt om i fylket. Debuten hadde han midt på bana på Furubakkjen og sidan berre balla det på seg. Bortsett frå at han vart lest opp over høgtalaranlegget, og køyrt bort til sidelinja før kampstart, fekk han seg ein hyggeleg start med ein enkel 3-0 siger over laget frå den potåkern som er omtala tidlegare. På sjølvaste 17. mai var han tidleg ute med å pynta seg i Norske flagg, bjørkeris og ballongar for å plassera seg midt i sentrum for å nyta den flotte prosesjon Valestrand alltid diskar opp med. Historiene er mange og det er mange som har fått nyta dei nostalgiske turane med den fine bilen. Kan nokon forstå at nettopp du måtte døy?

Ein som irriterer seg grøn over dette er kasserar i Supporter klubben, Johnny Ola. –At da går an å fara so tossje åt, seier han i ein kommentar. Viss han ikkje ville ha bilen lenger, kunne vel Johnny Longhair elle nåken andre fått han vel? Detta va ikkje ein gong badnafakte. detta va rett og slett toskaskap. Eigaren sjølv er sparsam med kommentarar rundt det heile, men nektar før at han har vorte vaksn. –No må de pikatre gje dekå, sei han. Da har ikkje nåke med da å gjera. Eg va levande redd for at den kunne koma på videvanka og at nåken skulle koma til å mala gule elle grøne farga på han. Då e da bedre å daua onna hydraulikken i Rådaln.


Og da e ikkje kødd ein gong....
Me får håpe han føretok ein riktig avgjerd for ein gongs skuld. For det har no ikkje alltid vore nok av dei frå den kanten. Mens me nynna til tonane over ein gammal hebraisk melodi og tenker på dei gongane ’Me kjørte Lada Samara, me kjørte Lada Samara……’ kan me til slutt berre sei; Lada Samara 1500L, Kvil i fred!





Glemt passord?

Registrer ny bruker
Rocking all over the world
( 30.10.2005 18:00 )

Sjå fleire bilete

Resultater

Avstemninger


Powered by eZ publish