
|
|
|
( 21.11.2008 )
|
|
|
|
( 11.11.2008 )
|
|
|
|
( 31.10.2008 )
|
|
|
|
( 28.10.2008 )
|
|
|
|
( 26.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.10.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 23.08.2008 )
|
|
|
|
( 28.05.2008 )
|
|
|
|
( 17.04.2008 )
|

|
 |
Fest og Sesongavsluttning
|
|
Toppkategori
Kunngjeringar
|
I samanheng med at VHFK spelar siste kampen sin til helga har mellom anna Supporter klubben skipa i stand diverse arrangement.
|
|
|
Miggag på ferjå til helge? Me har håttdoggs!
|
Allereie tidleg på laurdag morgon vil ein kunna nytta seg av noko av tilboda som vil finne stad utover dagen. Forutan andre ting ein kan delta på vil turen med M/F Manger verkeleg bli rosina i pølsa denne dagen. Med andre ord vil suksessen frå i vår gjenta seg og det vil bli råd å få kjøpt seg både håttdoggs og glascola på ferjå. Overskotet vil bli sett inn på konto for inntekt til tribunebygging.
|
|
Kubbevaremegvel for ei flott ferja!
|
Men det verkeleg store denne dagen er sjølvsagt kampen på bana. Her vil Velestrand Hjellvik stjernene varta opp med noko av det ypparste innan sambafotball der ein forventar mange mål og 3 poeng. Trenar vil på det noverande tidspunkt ikkje røpe noko om start oppstillinga, men mange smågutar og jenter vil nok forventa å sjå dei største idola sine som Sleggjo, Rayner m.f. i aksjon. I gjesteboka kan ein elles lesa at fleire ropar på BLOD BLOD! Men det ein har stussa mest over er rykta om at spillande trenar Håland kanskje vil komma inn på bana i løpet av kampen. Kanskje har me ein typisk Dalglish scoring i vente der ein stor bakende vil væra avgjerande for utfallet.
På bygdafrette har ein også fenje nyss i at ei av The Gran Old Ladies skal hava vorspiel i hagen der berre spesielt innbodne og prominente gjestar er ønska velkomen. Det er i alle fall ikkje tvil i at også fiffen på Valestrand veit å hygga seg når høve byr seg, så ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at ein og annan sherry og pylehytt blir fortært i godt lag før kampen startar.
|
|
Skal Sleggjo på fest montru?
|
Offisielt program for dagen:
08:00 – 14:35 Ferjehåttgoggs – M/F Manger
15:00 VHFK – Bergen Sparta - Furubakkjen
17:00 Andre omgang tippekamp – Den Glade Ostring
Frå 19:00 og utover arrangerer Supporterane fest for A-laget på Hamretun
Her er alle VHFK interesserte inkl. Jo Solberg velkommen
C.C. for alle utanom A-laget kr. 30,-
Kanskje blir da servert håttdoggs viss da sku væra noko att frå ferjå.
Oppfordrar alle til å ta med eige tøysevatten i høvelege mengda.
Det er kjekt om dei som møter har akkurat 30kr klar, for å unngå for mykje kø i døra.
|
|
 |



|