Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/99/-1/4/

0-0 redda liv


Toppkategori Siste Nytt

Det har i ettertid vist seg at fadesen på Hatland der Valestrand Hjellvik bera klarte eit 0-0 resultat mot Osterøy ikkje var eit nederlag likevel.


Ikkje alle er vant til å husa store supporterskara
Dei første dagane etter kampen var visstnok mange svært skuffa over den elendige poeng fangsten men etter det Badnafakte.net har fått høyra var det andre faktorar enn det sportslege som spela inn. Som dei fleste har fått med seg var trengsla på borteseksjonen som dei 300 VHFK supporterane var tildelt heilt enorm. Det var ikkje tvil om at Osterøy I.L aldri har vore vant å husa slike storlag og at sikkerhet på langt nær var teke hand om godt nok. Etter det me har fått høyra på bygdafrette så var dette noko lagleiinga og spelarar på VHFK straks fekk med seg og tok snarleg affære. Talsmenn for klubben me har vore i kontakt med vil ikkje på nokon vis kommentera dette men etter det vi forstår vart Valestrand Hjellvik sine mange målsjansar brent med vilje. Dette vil nok koma som eit sjokk på mange og spesielt dei som hadde møtt opp og gleda seg til revansj for fadesen i vår då VHFK berre vant 3-0. Ein anonym kilde i klubben har langt på veg stadfesta dette og seier at det vart først og fremst teke omsyn til sikkerheten på tribunen sidan dei var redd for at kvar VHFK scoring ville få dramatiske følgjer. -Eg e sikker på at hadde Val'strand scora so hadde folk gje te hovdes nerijøno tråppena og skammfare seg. Da va so mykje folk og so bratt at dei kunne rett og slett ramla i ei rua og daua. Det har vore vanskeleg å få tak i nokre av VHFK sine mest markante Supporterar den siste tida for å få høyra deira reaksjon. Bygdafrette fortel at mange av dei hamna på ein to-dagars for å sløkka sorga, og nokon av dei vakna først til liv heilt borte i Oslo. Etter mange telefonar fekk me til slutt tak i McA Kanel som svarte i vantru når me fortalte han denne nyhenda. Han meinte bestemt at alle han kjenner hadde offra både liv og helsa for ein scoring i akkurat den kampen. -Me står då å syng Val'strand te eg dør for full hals på kampane kreom, og ein har no endåte malt da på siå tå biln sin. Dei må no snart få da inn i håve at me meina da, svarar han. Det er på det noverande tidspunkt uråd å få tak i Trenaren til A-laget for ein kommentar. Han har etter det me forstår forlate bygda for ein periode sidan det vart for tøft å bera på skamme desse første vekene. Men ein ting er i alle fall sikkert. Oppom ferista gleder dei seg over det eine poenget dei klarte å tilrøva seg etter å ha stelt i stand eit så frykteleg dårleg arrangement. Ein vil tru at ein protest i frå VHFK hadde vore på sin plass, men så lenge ein veit kapasiteten i hovudet på mange der oppe var det nok neppe tilsikta.

Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |