Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/372/-1/4/
|
Toppkategori
Siste Nytt
|
Forfatter: Fat Tony
|
Publiseringsdato: 06.02.2010 02:41
|
Ja, då står årets første store happening for døra og Meieriet er rigga for det uhyre viktige supporterseminaret som legg premissane for opprykkssesongen 2010. Ein skal førebu seg både på eit og hitt samt einast om diverse saker som angår både supportera og a-laget til Valestrand Hjellvik FK. Laurdag 20.februar kl. 18:00 i Meieriet.
|
|
Seminar 2010
|
Som vanleg er det opprykket det er knytta mest forventningar til. Blir det i år einstemt vedtatt eller er det ein og annan dekel som stiller spørsmålsteikn omkring vedtaket? Vil nokon då leggja ned veto, forlanga omval eller få Hauabyå og gå i protest? Onde tunger vil ha det til at vedtak gjort på dette seminaret ikkje vil ha innverknad på VHFK sine sportslege prestasjonar i løpet av sesongen, men dette blir blankt avvist av den årlege referent på Seminaret, McArno the Kanel. – Viss ein i år klara å få gjort dette vedtaket, utn idiotkommentara frå bakerste benk, skal eg personlig garantera opprykk!
Mange selebritetar i og rundt klubben er invitert men det gjenstår sjølvsagt å sjå kven som dukkar opp til slutt. Ein veit frå før at Gisle Gris og Keiko måtte avlysa, sidan dei har dobbeltbooka og skal reisa til den årlege Froske- og Snegleskinnsmessa (?!) i Paris same dag. – Snakka meg om prioriteringa, seier Laffe i ein kommentar. Sjølv har køyrer han på sumardekk i rushtrafikken og brukar utslitte og bakglatte cherroksar på hålka, for å få opp temperaturen før seminaret. – Muleg eg legg inn eit røykekutt på dagen for seminaret, for å væra sikker, men ein lyt vel sjå dagsformen an. Uansett, han har tinga ein stol på bakarste benk allereie.
Agenda og Powerpoint –presentasjon har vore finpussa på i lengre tid og er stadig i utvikling. Det var lenge diskusjon om kva ’font’ og bakgrunn ein skulle bruka, men etter ei strategisamling i helga blei det endeleg avgjort. I same slengen blei ein einige om notatpapir på pultane og sponsa kulepennar, så ein kan med andre ord ikkje utsetja noko på effektiviteten.
|
|
Ein aldri so liten lekkasje i media
|
Ein annan ting det er knytt særs spenning til er dei nye flagga som skal avdukast. Det skulle etter sigande bli ei urframsyning av 3 flett nye flagg, men etter det ein forstår har det vore ein og annan lekkasje. Bygdalappen har blant anna vore og snikfotografert på strategisamlinga og kanskje i tillegg fått med seg detaljar av agenda. Det gjenstår å sjå kva som blir avslørt i media den næraste tida men uansett er det sikkert at 3 flunkande nye flagg, med nøktern påskrift, blir avduka i Meieriet denne kvelden. Kvart einaste eit verd oppmøte i seg sjølve.
Servering er førebels på planleggingsstadiet men ein vil i det minste ha enkel oppvarting med frukt i pausane og kanskje ein lunchrett ut på kvelden. På noverande tidspunkt kan ein ikkje garantera pota til dette måltidet, så det er sterkt tilrådd at ein får i seg litt pota tidlegare på dagen. Helst då kanskje med litt flesk attåt. Apropos attåt, så kan ein leggja til at det blir servert kaffi.
SÃ¥ kven kjem?
- Me håpar på representantar få a-lag og klubben.
- Travarane og veteranane på Bunkersn er venta
- IT og økonomiavdelinga i supporterklubben
- Media i form av bl.a. VTV og vhfk.no
- Sirkus Søå
- Youngsters, gamle så vel som unge
- Deg
- Og ellers dei som vil vera med og gjera 2010 til ein sesong utanom det vanlige
Ein vil leggja til at spesielt den yngre garde, som utover sesongen i fjor gjorde eit sterkt inntog på heime so vel som på bortebane, er ekstra velkommen. Eit rop om hjelp går også ut til nettopp desse, om å spre dette glade bodskap ut på nett ved hjelp av sider ala facebook, arsebook eller utnbrok. På akkurat dette område strekkjer utruleg nok ikkje ferdigheitene til badnafakte-administrasjonen til.
For deg med hjarta for Badnafakte – Gaukaskap! Piker, Vin og Valestrand!
Vel møtt!
Meieriet – Laurdag 20.februar kl. 18:00!