Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/344/-1/4/

Ole Morten utleigd til storklubb


Toppkategori Siste Nytt

VHFK stjerna Ole Morten Tysse er ein svært så ettertrakta spelar. Fleire klubbar har den siste tida vore på Furubakken for å sjå på unggutten som kom frå Osterøy før sesongstart. Under kampen mot gamleklubben no i helga var det også representantar frå den spanske klubben UD Las Palmas.


Estadio Gran Canaria
Etter det badnafakte kjenner til so er det no klart at Joen må klara seg uten Tysse i høstsesongen. Kanskje endå lenger. I fyrste omgang skal Tysse lånast ut til UD Las Palmas for eit år, men dersom han lukkast i solfylte Spania så vil nok klubben også legge inn eit bud på kjøp av spelaren.

Dermed vert det kampar på Estadio Gran Canaria, med ein tilskuerkapasitet på 32 520 for lysluggen. Det er ikkje opplyst kor mykje gryn dette inneber korkje for Tysse eller VHFK.
Badnafakte veit at manageren i UD Las Palmas eig ein sportsbar, og her kan spelarane leska seg med så mykje limonade og smoothie dei måtte ynskja. Dette skal væra ein av hovudgrunnane til at Tysse takka ja til tilbodet.


Sydn
Det er venta at Tysse flyttar til Gran Canaria i løpet av sumaren, og dermed kan det sjå ut til at 4-2 sigeren over Osterøy vart hans siste kamp for Valestrand/Hjellvik FK. I så fall vil me takka så mykje for det han har bidratt med for klubben i løpet av vårsesongen. Og ikkje minst vil me skryta tå han for at han tok valget med å gå til VHFK, trass i reaksjonane han visste ville koma.

Men dette valget vart altså springbrettet for Tysse.
Lukke til vidare Ole Morten!

Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |