Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/274/-1/5/

Serieopning 2007


Toppkategori Sport

Då er dagen komme som alle har venta på. Dagen då alvoret tek til og Joen sine disiplar skal ut i sin første seriekamp for sesongen. Mange har store håp til kva sesongen vil bringa men som vanlig er det vanskeleg å tippa utfallet.


Fleire jubelscener i 2007?
Ein kar frå supporterklubben me har vore i kontakt med har i alle fall klare mål og meiningar omkring sesongen. I fråværet av erkerival Osterøy I.L. har klar erstattar som vikarierande hat-objekt peika seg ut, nemleg NBK. Eller gaukane frå Knarvikje, som han omtala dei. Me lurte på om han i det heile tatt veit kven nokon av dei er eller om han kjenner dei. – Det er irrelevant i denne samanhengen, presiserer han. Dei er naboklubben og det er vår fordømte plikt å hata dei.

Han kunne i tillegg lista opp fleire delmål han hadde satt for sesongen i prioritert rekkefølgja. 1. Slå NBK i begge kampane. 2. Koma framføre N*K på tabellen. 3. Unngå nedrykk. 4. Unngå opprykk. 5. Opprykk. Me måtte trekkja litt på smilebandet av den noko spesielle lista, men då vart han forarga og gjekk. – Detta e blodig alvor og de vise lang vei at detta har de ikkje peiling på! Men har presiserte at han framleis hata Osterøy I.L. meir og håpa at dei snart ville rykka opp igjen.


Fleire flagg er i anmarsj
Andre me har vore i kontakt med kunne fortelja at det er mykje spanande på gang på supportersida. Som vanleg er dei litt trege og ikkje har fått alt på plass enno. Men under førre helgs treningskamp mot NBK kunne ein sjå eit av dei nye flotte flagga vaiande frå bunkersen. Skal ein tru ryktet so blir det ikkje berre med det. Eit nytt mindre flagg er bestilt. 2 småflagg er purra på og sist men ikkje minst so er spesialbestilling av stangflagg frå Torino unnagjort. Og for dei som sakna fanzina BWA i fjor so kan ein røpa at redaktør, The Kanel, jobba på spreng for å få første utgåve klar til neste helg og årets første heimekamp. – Eg har printa ut bilde av minst hondra apekatta, seier han stolt.

Ellers er det kanskje snakk om å få laga nokre spesielle bannara og eit TNT flagg i høve konserten i sumar.

Frå A-laget har ein hørt at det har vore blanda oppmøte på treningane i vinter og at ein førebels er usikker på kvaliteten i laget. Men trenar Joen kunne allereie då han såg terminlista første gongen proklamera at her blir det vanskeleg å få mindre enn 60 poeng. Han er kjent for den litt uvante filosofien: Viss ein ikkje kan vinna med stil, so kan ein lika godt la da væra. Ikkje heilt einig med verken Drillo eller stilen Arsenal var kjend for gjennom heile 70 og 80 talet. Han er mest kjent for sine offensive kvalitetar, men sidan han òg begynnar å tørka opp bak øyrene har sikkerheita bakover vorte meir prioritert. So får ein gjenstå og sjå om dette vil gi seg utslag under årets sesong.

Årets 3 første kampar blir:

Søndag 22/4 kl. 18:00 Vadmyra2 – VHFK på Vadmyra Kunstgras
Onsdag 2/5 kl. 19:00 VHFK – Fyllingen2 på Furubakkjen
Måndag 7/5 kl. 19:15 Løv-Ham2 – VHFK på Krohnsminde

Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |