Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/23/-1/4/

-Foreldre iharnisk


Toppkategori Siste Nytt

Handsaminga av enkelte elevar under den store razzia aksjonen på Ungdomskulen kan få konsekvensar.


No kan da verta bråk..
Fleire foreldre er meir eller mindre sjokkert over overtramp frå myndigheit og skule. Minst 4 elever som ikkje er frå Valestrand krinsen vart ført borti saman med dei andre. Ei jente frå Hosanger vart endåtil varetektsfengsla. To av gutane som vart sperra inne i gymsalen ved eit uhell vart so redde at da gjekk gale og dei pisste i brokje. - Han Alf Ronny kom grinande heimatt og livredd fortalte at han vart behandla som ein narkis, fortel ei fortvila mor frå Fjelskålnes. På skulen og ved lensmannskontoret orsakar dei uhellet og skulder på svikt i rutinane. -Den jentå som de sikta til hadde farga håre blått, so da va no ventande når ho fer so tossje åt. Ei mor frå Valestrand hadde òg henvendt seg og fortalt at dei er van med denne intoleransen og manglande innsikt frå folk `oppom feriste`, men at det denne gongen gjekk langt over streken. Ho vart blankt avist og ledd godt av. - Ho va vel full tå narkotikkja ho mè, vart da ymta frampå utfør butikkjen i Lonevågen.




Relaterte sakje:
-Stor razzia på Ungdomsskulen

Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |