Found at: http://www.badnafakte.net/article/articleprint/225/-1/3/

VHFKSK 2006


Toppkategori Kunngjeringar

Snart jol og det nærmar seg eit nytt år. Då er det på tide å fornya medlemsskapet i Noregs mest voksande supporterklubb, Valestrand Hjellvik FK Supporterklubb. VHFK er som kjent, og i følgje Dagbladet, Noregs fjerde mest populære klubb så kvifor skal ikkje supporterane følgja hakk i hel?


Beirut Limmoen e klar for nye sprell i 2006
Fleire har allereie fornya medlemsskapet sitt for 2006 og ein forventar at andre er på veg til å gjera det. Og viss du ikkje har medlemskap frå før så er det jaggu på tide å få det. Kanskje ein idè å ønskje seg eit til jol? Frette fortel at fleire kan forventa seg eit medlemskap onna joletreet i år. Det er ikkje måte på givargleda og kasserar i klubben, Johnny Ola, kan fortelja at blant anne 3 kattar og ein hund allereie er innmeldte. Det er i år som i fjor ein voldsom pågang for å sikra seg dei lågaste medlemsnummera og enkelte tenkjer endå til på dyra sine.

Men sjølv om det kan sjå idyllisk ut er det ikkje alle som er einige. – Da dar e gjort berre for at han skal få nummer 7 nett so Kevin Kijen og Kenni Dælglisj, seier ein forarga Johnny Longhair, og so har han fylt på med katta og honna berre for å sikra seg at ingen andre får da heller. Ikkje alle er like blid over medlemsskapsgaloppen, men reglar er til for å følgja og når første mann til møllo prinsippet tel, så er det berre til å belita seg.

Supporter klubben har store ambisjonar for 2006 og har allereie sikra seg opsjon på å kjøpa Beirut Limmoen som sin eigen supporter bil. Bilen vart tidlegare i år lagt ut for ’sal’ og reaksjonane let ikkje venta på seg. Eldskjeler i klubben kunne ikkje la sjansen gå frå seg og tok ikkje sjansen på at bilen til og med kunne hamna oppom ferista. Derfor har Johnny Ola, Johnny L, Hobbitn, Prompen, Feitegrisn med fleire lova å sponsa bilen på vegen. Dei håpar sjølvsagt at andre òg vil bidra samt ventar støtte frå supporterklubben reit økonomisk.


Og karane klare for nye badnafakte......
Ser in på terminlista til neste år er det ikkje vanskeleg å forstå at det lyt bli fleire bussturar som i år. Voss peikar seg ut som ein soleklar kandidat til ein aldri so liten utflukt og då kan det hende klubbkassen må bidra litt der også. VHFK kan då ikkje stå for heila gildet kvar gong sjølv om mesteparten blir dekka av dei reisande. Og som vanleg treng ein pengar til flagg, vøling av flagg og mykje anna lurt.

Det rår tvil om at The Black & White Army vil komma ut som papirutgåve til neste år sidan redaktøren The Kanel har tatt seg jobb i badnafakte.net. Men om ikkje midlane går der lenger treng kanskje nettsida enda meir om pengane til neste år. Ustabil servar i Modaln føre med seg flytteplana og då kan det fort verta dyrare. Supporter klubben har som kjent vore ein bidragsytar også her.

So ka e da du venta på?. Melda seg inn eller fornya medlemsskapet! Kroner 100,- til kontonr. 97105303983. Kan vera lurt å merka med namn på alle du melder inn. (Også katta, honna, marsvin og andre svin)

Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |